Gjev seg mens «steiken» er god
Fem personar blei arbeidsledige når Kleiven Kjøtt og Delikatesse AS legg ned butikk og produksjon.
- Eg kunne ha drive nokre år til, men då trur eg det hadde enda i grøfta. I staden gjev vi oss no, medan leiken framleis er god, seier Hans Anton Kleiven.
Han har selt kjøtt, pålegg og selskapsmat i Os i 36 år, dei siste 26 frå butikklokalet i Fagerthun-lokalet. Han meiner omfattande samfunnsendringar og utvida tal på daglegvareforretningar i Os er årsaken til at det ikkje lenger er marknad for spesialforreningar og faghandel.
- Vi har sikkert nok daglegvarebutikkar i Os til å fylla kjøleskapa til 40.000 innbyggarar. Når fleire av desse i tillegg er opne frå 7 om morgonen til 23 om kvelden blir endringane i handlemønsteret store.
Blir jobbsøkar
Fem tilsette mistar jobben når Kleiven 1. juni stenger dørene, blant anna Hans Anton og kona.
- Det er alvorleg avgjerd. Vi er 56 og 52 år og for unge til å pensjonera oss, så no må vi søkja på nye jobbar.
Kva med catering og produksjon?
Kleiven eig bakre del av lokalet på Osøyro og eige produksjonslokale i Finnebrekka. I tillegg til sal i eigen butikk sel han pålegg via meir eller mindre alle daglegvareforretningane i Os.
- Dette utgjer rundt 30 prosent av omsetnaden vår. Eg vurderte ei stund om eg skulle halda på produksjon og catering, og berre legga ned butikken, men har gått for å avvikla heile bedrifta.
- Summen blir stor
Fredag fortalte vi at Kolaas Foto legg ned 1. april, laurdag fortalte Os & Fusaposten om Kleivens planar om nedlegging 1. juni. I tillegg er det også slutt for gullsmed og urmakar Fagerthun denne veka, også dei har sin siste opningsdag 31. mars.
- Det er framleis mange bedrifter i Os sentrum som driv godt, og det er nok også i framtida mogleg å driva butikk på Osøyro.
- Men dei siste åra er det fleire som har stengt utan at nye har kome og fylt lokala, så summen av mørke utstillingsvindauge byrjar å bli stor.
- Kva type bedrifter trur du passar til å driva i sentrum vidare?
- Det er ikkje lett å seia, det er tøft å driva ei lita verksemd i dag, med alle krav som blir stilt. Det ser vi oppe på senteret óg, det er utskifting heile tida.
- For vår bransje ser det uansett mørkt ut, det er ikkje mange faghandlar igjen innan kjøtt i Bergen heller, seier Hans Anton Kleiven.