Gjev flyktninghjelp på skuletur
Lærarar og elevar frå Os vgs samlar inn utstyr til flyktningane på Kos. Vil du bidra med utstyr må du vera rask.
For fjerde gongen skal dei fem deltakarskulane frå ulike land i Europa treffast for å læra meir om trygg bruk av internett. Laurdag er det skulen på Kos i Hellas som er vertane og tar imot blant anna 6 representantar frå Os vgs, 2 lærarar og 4 elevar. Temaet denne gongen er etisk bruk av internett.
Og sjølv om prosjektet går som planlagt så blir det likevel ei litt annleis reise enn dei ville trudd for ei stund sidan.
Den greske øya Kos, som ligg nær Tyrkia, har dei siste månadane vore mykje i media på grunn av den store mengda båtflyktningar som kjem til øya.
– Allereie på planleggingsmøtet i Polen i juni var det oppe til diskusjon om det var noko vi kunne gjera for å hjelpa, fortel Mona Stigen Heggeland, som saman med Tone Hadler-Olsen er dei to lærarane som er med i SIFA-prosjektet frå Os vgs.
Spesifikke ønsker
Når det nærma seg avreise tok dei igjen kontakt med leiinga på skulen på Kos og spurte om dei hadde behov for hjelp, og eventuelt kva dei trengte.
– Dei kontakta styresmaktene sine og fekk så ei veldig konkret liste på kva dei hadde behov for.
Soveposar, tepper, bagar, ryggsekkar og herresko i storleik 42 er blant det som står på lista.
Os vgs har difor starta ei innsamling av desse tinga og håper at mange bidrar.
– Vi har fått inn noko, både frå privatpersonar og bedriftene MX Sport, T Moberg Sko og Europris Midtun og Os, fortel Heggeland, som håper at fleire av bedriftene i Os henger seg på innsamlinga.
Får med eitt ekstra kolli kvar
Til og med torsdag morgon er det mogleg å reisa opp i resepsjonen på skulen og levera det ein ønsker å bidra med.
For å få med seg det ekstra utstyret har Heggeland kontakta reiseoperatøren deira, Star Tour, som opplyste at alle som ønsker å hjelpa flyktningane får ta med seg eitt ekstra kolli på 25 kilo.
– Skulle vi få meir enn vil klarer å få med oss så blir det ikkje kasta, men gitt til andre organisasjoner.
– Blir spesielt
Henrik Vågen og Maren Heimro Berg er to av elevane som blir med på samlinga på Kos. Dei er spente på kva dei kjem til å oppleva på turen.
– Det er kjekt å kunne vera med å bidra, men det kjem nok til å bli spesielt å sjå alle telta langs stranda, der flyktningane held til.
– Vi har førebudd oss så godt det går an og er spente på kva vi kjem til å oppleva.
Elevane kjem til å bu i vertsfamiliar så det er usikkert kor mykje av flyktningekrisa dei får kjenna på kroppen.
– Men vi lærarar skal bu på hotell ved strandpromenaden, så det kjem nok til å bli spesielt, forklarar Heggeland.
Frå Rhodos til Kos i båt
I tillegg til Heggeland, Hadler-Olsen, Berg og Vågen så reiser elevane Stine Engelsen Tveit og Leon Lorentzen til Kos.
No håper dei at osingane òg blir med og hjelper og at dei seks kan reise nedover med fulle kofferter.
– Ikkje noko er for lite å gje, vi tar imot alt av det vi kan få tak i av det vi har fått liste på.