- Gjer det lett igjen
Då det berre blei med snakket på venene om å gå opp på Kilimanjaro så tok Beate Valvik sats og bestilte tur heilt aleine.
Etter å ha tenkt lenge på å reise til Tanzania og gå opp verdas høgaste enkeltståande fjell så ville ikkje Beate venta lengre.
- Dette var noko eg har hatt lyst til å gjere lenge og eg orka ikkje venta på at nokon kunne bli med, så eg fant ut at eg berre måtte hoppa i det på eiga hand, fortel Beate, no tilbake i Os.
I mai bestilte ho tur frå Fram Expeditions, eit firma eigd av Cecilie Skog og Bjørn Sekkesæter og som har samarbeida om å arrangera turar sidan 2003.
Linken og Møsnuken
Siden Beate har vore opptatt med jobben sin som boreingeinør hos Statoil hadde ho ikkje anledning til å øva seg på dei største høgdene i forkant av turen.
- Det blei Linken og Møsnuken 3-4 gonger i veka, seier ho og smiler.
Beate har alltid vore glad i å gå i fjellet, men òg i spenning og å pressa eigne grenser.
- Denne turen blei ein god måte å teste meg sjølv på.
Ein fantastisk gjeng
29. juli starta det 13 dagar lange eventyret for Beate. Ho skulle reise i ei gruppe saman med 8 andre jenter, 2 gutar og 2 guidar, men dei andre møtte ho ikkje før ho var i Nederland.
- Eg var utruleg spent då eg mellomlanda i Amsterdam og eg skulle møta resten av turgruppa for første gong.
- Men eg hadde ikkje trengt å uroa meg, vi blei ein fantastisk samansveisa gjeng allereie første dagen.
Høgderekord første dagen
Etter å ha hatt ein roleg første dag i Tanzania med avslapping og planlegging reiste dei til Machame gate for å sjekka inn i nasjonalparken.
- Vi starta oppstiginga frå 1800 meters høgde så allereie første dagen satte eg personleg høgderekord.
Turen opp til toppen var rekna å skulle ta 6 dagar, og kvar dag gjekk dei mellom 4,5 og 9 timar.
- Dei første dagane gjekk det veldig bra, men eg kjente det skikkeleg siste dagen.
Tung sisteetappe
Den siste stigninga starta dei å gå ved midnatt for å koma opp på toppen då sola var oppe.
- Bakken tok aldri slutt og eg kjent at eg var skikkeleg sleten. Eg kom meg til toppen, men i slutten gjekk eg berre på viljen.
Oppe på Uhuru Peak, 5895 m.o.h, blei det tid for bilder og å nyte utsikta før dei byrja på den lange turen ned igjen.
- Det tok oss ein dag å koma ned til starten igjen og då måtte me feira litt.
Bygd for høgda
Alle deltakarane i Beate si gruppe klarte å nå toppen, men ikkje uten litt høgdesjuke.
- Fleire fekk hovudpine og blei kvalme, men eg merka ingenting på veg opp og eg var litt bekymra for at eg skulle få ein plutseleg reaksjon.
- Eg snakka då med far min på telefon, han roa meg og sa eg ikkje skulle stresse, eg var nok bygd for høgda, seier ho og ler.
Toppen av Afrikas tak var ikkje det einaste gruppa fekk oppleva på turen til Tanzania. Etter at fjellturen var over fekk dei reisa på safari til Ngorongorokrateret, ein nasjonalpark i området.
Så var tida komen for å pakke sakene og vende nasa heim mot Noreg og Os.
- Eg har hatt det heilt fantastisk, og lengtar tilbake, seier Beate som no gleder seg til reunion med dei nye turvenene sine.