Gjer det enklare å selje bilen
Vegvesenet gjer prosessen med selje og kjøpa bil enklare på nett.
I 2015 lanserte Statens vegvesen salsmelding på nett. Så langt har over 150 000 salsmeldingar funne vegen over nettet.
No gjer dei prosessen enno enklare, ved at du også kan betala omregistreringa direkte i tenesten.
– Å levera salsmelding og registrera bilen på nette er den raskaste og tryggaste måten å selje og kjøpa bil på. Det er ikkje lenger naudsynt å senda vognkort del 2 i posten eller å møta opp på ein trafikkstasjon for å få din nye bil lovleg på vegen, seier seksjonssjef Heidi Øwre i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Guider deg gjennom det
Vel èin million køyretøy skiftar eigar kvart år.
– Mange er kanskje usikre og veit ikkje heilt kva dei skal gjera. Papirmølla kan synast voldsom og begrep som salsmelding og omregistering kan vera ukjend. I nettenesten vår på vegvesen.no blir du leia gjennom prosessen steg for steg. I løpet av få minutt kan du stå med eit midlertidig vognkort i handa og den nye bilen din er fiks ferdig registrert og lovleg å køyra, forklarar Øwre.
Ho minner deg òg på at du bør sørgje for å ha ei kjøpskontrakt. Dette finn du mellom anna på heimesida til Forbrukerrådet. Sel du bilen er det viktig at du sikrar at betalinga er gjennomført før du gir frå deg nøklane.
Slik gjer du det
I korte trekk består prosessen av tre delar.
- Selgar starter den med å senda ei salsmelding til kjøpar via «Din side» på vegvesen.no
- Kjøpar må deretter logga inn på si side og godkjenne salsmeldinga.
- Kjøpar får opp status for omregistrering og ein oversikt over kva som må vera i orden for å få vognkort og å kunne ta køyretøyet i bruk. Ein av desse tinga er omregistreringsavgifta som no kan betalast med éin gong inne i tenesten. Ver klar over at du ikkje kan nytta kredittkort.
Om du i staden ønskjer kan du framleis levera salsmelding og vognkort del 2 på trafikkstasjonen eller senda det i posten.