Gjer comeback med heimelaga donuts
Ti år etter cupcake-suksess på Marknadsdagen er denne kusineflokken tilbake med heimelaga donuts.

I 2011 stilte «Sweeties» på Marknadsdagane med cupcakes og andre USA-inspirerte søtsaker.
Sidan den gong har Veslemøy Lekven Moberg både flykta frå orkan, «snubla i» alligatorar og lært seg å laga donuts i Florida.
– Heime i Os har eg bakt med kusinene mine Agathe og Lykke, og døtrene til den eine fetteren min, Andrea og Frida.
– No har vi saman smakt oss fram til nokre favorittoppskrifter, seier Veslemøy.
Ho var svært overraska då ho las om Happy Donuts, som nyleg selte 20.000 donuts i Bergen på ei veke.
– Vi tenkte osingane må få sleppa å reisa til by'n. Våre er heimelaga, produsert frå botnen, og perfeksjonert over fleire veker, seier Veslemøy.
– Kva skal til for å laga ein god donut?
– Prøving og feiling. Det er som bollar og vaflar, men med mindre sukker. Og så er det noko teknisk krevjande med sjølve frityrsteikinga.

No vil «Donut Babies» laga stemning og selja donuts under Sommargata.
– Vi står på stand både i dag, fredag og laurdag, seier Agathe.
Storskåraren på damelaget til Os har fått laga stand utanfor Bakketeig.
– Spelelista på Spotify er klar, det same er uniformane. Vi gler oss til å vera med og laga liv på Øyro.
– Vi håper det slår an i Os òg. Viss det blir kø så er vi førebudde på å hjelpa folk å halda smittevernreglar og passeleg avstand mens dei ventar på tur.
