Gjer comeback i dag
For fem veker sidan fekk døtrene til Hilde Kristine Røttingen ein veslebror. I dag er ho på handballbanen igjen.
Damelaget til Os har måtta klara seg utan den erfarne og sterke handballspelaren Hilde Kristine Røttingen første halvdel av sesongen.
Årsaka var svangerskap, men i dag er ho på banen igjen, rett nok for Os 2 i 3. divisjon.
– Eg veit ikkje kor mykje eg får spela, men no kriblar det sånn at eg vil i alle fall stilla disponibel, seier Hilde Kristine.
Dei to døtrene hennar fekk ein veslebror for berre fem veker sidan.
Ho føler seg likevel klar.
– Eg har bestemt meg for å spela éin sesong til, så det byrjar å bli på tide å koma i gang, synes Hilde Kristine.
– Det blir spennande å sjå korleis formen er og om eg klarer å koma tilbake så kjapt at dei også kan bruka meg på førstelaget før sesongen er over.