Gjentek påskeblues-suksess
Laurdag blir det reprise på suksessen frå i fjor: Påskeblues på Peppes.
Tradisjonen tru har det vore romjulsblues på Peppes, noko som har vore eit svært populært arrangement dei siste åra. I fjor prøvde dei seg med påskeblues, som viste seg å bli like populært. Difor blir det påskeblues på Peppes også denne påska.
Variert under blues-paraplyen
I år er det Steinar Lyssand (gitar/vokal), Kai Taule (bass/vokal), Magne Trengereid (trommer) og Dag Bergesen (gitar/vokal) som står på scenen.
Dei har også vore så heldige å få med seg Miriam Tumyr som gjestevokalist, ei dame som arrangøren Bergen Blues Train skildrar som ein fantastisk vokalist som kjem til å passe fint inn med bandet.
– Alle vi i bandet har litt forskjellig sjanger innan blues som vi likar ekstra godt. Difor kan eg lova ein kveld med svært variert bluesmusikk, seier Steinar Lyssand.
Kjekt på heimebane
– Eg tykkjer det er stas å spele i heimbygda, og på heimebane er det alltid kjekt å vera. Det er alltid kjempestemning, og folk set pris på det vi bidreg med og omvendt. Vi gler oss voldsomt, og håpar sjølvsagt på fullt hus.
– Billettsalet har gått veldig bra, men om folk er kjappe er det framleis råd å skaffa seg billett, avsluttar Lyssand.