Lokal | 20. mars 2012

Gjennom veggen - igjen!

Stal for 140.000 i sigaretter: Tre veker etter at tjuvar knuste seg gjennom murveggen på Joker blei det i natt utført nytt innbrot i same stil.

Gjennom veggen - igjen!
27. november lagde nokon holet til høgre. Natt til 20. mars banka dei inn holet til venstre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. mars 2012 09:38

Natt til måndag 27. februar knuste tjuvar seg gjennom murveggen på nordsida av Joker-butikken på Søfteland og stal sigarettar til ein verdi av rundt 60.000 kroner.

Les òg: Spinkel tjuv stal for 60.000 kroner

I dag, tysdag 20. mars, oppdaga kokken Kenneth Milde at butikken igjen hadde hatt ubedne, men slagkraftige gjestar.

Politiet er interessert i tips om ein mørk bil som var i området rundt klokka 00.30 i natt.

– Kenneth kom på jobb klokka 6.30. Då var straumen vekke, fortel innehavar Duddun Lindborg.

– Inne i butikken såg han at folk hadde knust hol i veggen igjen.

Brukte slegge

Også denne gong er holet i murvegg og ikkje i trevegg.

– Men det ser ut som om dei ikkje har brukt vinkelkuttar denne gong, berre slegge.

– Holet er eit stykke bortanfor førre hol, det ser ut som om dei har vore ute etter å ta seg inn i safen frå baksida.

Stal for 140.000 kroner

Krimteknisk blei kopla inn og var i over tre timar på åstaden.

– Tjuvane har ikkje fått opna safen, men dei fekk opp eit anna skap. Det tømte dei for sigaretter.

Til saman har butikken blitt loppa for 200.000 kroner i sigaretter på tre veker.

Skuffa over vaktselskapet

– Eg er litt skuffa over vaktselskapet, som ikkje kontakta meg då straumen gjekk. Dei sa dei hadde ringt og sendt sms, men eg har verken tapt anrop eller ulest tekstmelding på telefonen min. I dag klokka 14 fekk eg melding om straumbrot. Det var litt seint.

– Dessuten burde dei, då dei ikkje fekk kontakt med meg, tatt seg ein tur og sett på saka.

Lindborg har selt butikken. Ny eigar overtar om ti dagar ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.