Gjekk tom for mat
Er det plenty med pizzarestaurantar i Os, sa du?
Mens over halve Os har vore utan straum store delar av laurdagen har pizzarestaurantane i Os knadd deig med dei er god for.
– Det er ein time venting for dei som har bestilt og vi er no tom for råvarer.
– Der er lenge sidan eg slo av telefonen, sa Levent Bozkurt, innehavar av restauranten Lucianos, til Midtsiden i 20-tida.
Utkjøring av pizza blei det også brått slutt på.
– Bilen vår står fast mellom nokre tre i Lysefjorden.
Ikkje rekord
På spørsmål om den straumlause laurdagen blir ny rekord-dag svarer Levent nei.
– Eg var ikkje førebudd på dette. Hadde vi handla inn og laga klart meir så hadde det nok blitt rekord.
– Måtte seia nei til mange
Også hos Peppes Pizza var dei i 20-tida tom for råvarer.
– Vi hadde straumbrot sjølv i 14-tida, men kom heldigvis i drift igjen. Vi har selt veldig bra, men hadde ikkje lagt opp til nokon rekordomsetnad i dag, så vi måtte dessverre seia nei til mange, seier restaurantsjef Anita Fotland.
– Utkjøring stoppa vi med tidleg, eg ville ikkje risikera helsa til sjåførane våre, eller at dei blei ståande fast nokon stad. Men vi har hatt veldig mange som har henta mat.
Midtsiden lukkast ikkje med å få kontakt med den tredje pizzarestauranten i Os, Capri, men etter det vi kjenner til klarte dei å levera pizza også etter klokka 22 i kveld.