Gjekk til svart
Fem utøvarar frå Os Taekwon-do klubb gjekk gradane i helga. Viljar Brunvoll var ein av tretten i Bergens-regionen som fekk det svarte beltet.
Laurdag gjekk Viljar Brunvoll graderinga for å få det svarte beltet i Taekwon-do.
– Det er ei hard fysisk prøve, kor sjølve kampdelen er på 15-20 minutt.
– Den består mellom anna av mønster, som er ein serie med teknikkar som skal utførast i ei bestemt rekkjefølge.
– Mønstra består av spark, sjølvforsvar og sparring mot ein innbilt motstandar, kor utøvaren skal gjera det med riktig kraft og hurtighet, forklarar Jan Rune Sund, leiar i Taekwon-do klubben.
– I tillegg måtte Viljar gjennom knusing av planke og ein styrketest, før han òg blei testa i teori.
– Viljar gjennomførte ein kanonbra test og besto med glans, skryt Sund.
4 x rødt
I Taekwon-do er raudt positivt. Det raude beltet er graden før det svarte og heile fire utøvarar frå Os tok delgradar i det raude beltet laurdag.
– Henrik Thomassen, Martin Sveen, Tova Hovland og Victoria Samuelsen besto alle prøvene dei måtte gjennom for høgre gradering, smiler Taekwon-do-leiaren.
Sund fortel at dei før sommaren planlegg gradering av dei andre medlemmane i klubben.
– Deretter blir det ein velfortjent ferie, før vi startar opp att med nybyrjarinntak til hausten, avsluttar Sund.