Gjekk rekordbra - så sa det stopp
VM i Moskva: Erik Tysse var berre 36 sekund bak tet etter 30 kilometer, og låg an til ny personleg rekord. Så fekk han trøbbel.
Kappgjengar Erik Tysse fekk ein god start på 50-kilometeren i VM i Moskva, som starta klokka 6.30 norsk tid i dag.
Etter 5 km og 10 km låg han på 11. plass, på 15 km hadde han klatra til 8. plass og etter 30 km var han framleis tett på teten, på 10. plass, 36 sekund bak han som leia.
Løpet er ikkje over, men Tysse er likevel ferdig.
– Eg fekk akkurat denne meldinga frå Stephan: "Slutt. Mage." fortel Kjersti Tysse Plätzer til Midtsiden.no.
Erik fekk mageproblem og har brote løpet, eit løp som låg an til å landa på 3.41-3.42, altså ny personleg rekord.
Tysse sin rekord på 50 km er 3.45,08.
Erik måtte bryta før han passerte 35 km og trenaren, svoger Stephan Plätzer, måtte senda den triste oppdateringa heim til kona.