Gjekk ikkje vegen
Ariel Braathen bomma på 200 meter bryst i EM. – Eg blei veldig nervøs, fortel ungjenta.
Torsdag morgon svømde Ariel Braathen favorittdistansa 200 meter bryst under EM i London.
I heat nummer to var Søftelandsjenta raskast ut frå startpallen med ei reaksjonstid på 0,69, men det blei fort klart at dette ikkje kom til å bli Ariel sitt løp.
Ved runding 50 meter hadde ho falt til 7. plass før ho svømde seg opp éin plass på slutten og enda på 6. plass med tida 2.35.78. Hennar personlege rekord på distansa er 2.31.44.
– I dag gjekk det ikkje heilt som planlagt. Eg ønska veldig å gjera det bra, men blei veldig nervøs. Slik sett er det veldig bra å vera her og få internasjonal erfaring utan mitt vanlege støtte apparat rundt meg, oppsummerar Ariel sjølv på facebooksida si.
– Denne 200 meteren må eg læra av og legge bak meg. No er det vidare trening opp mot BSF (Bergen Swimfestival) neste helg heime i Bergen.
Svømmer 50 meter laurdag
BSF er ein ny sjanse for Ariel å svømma lengre ned mot A-kravet til OL i Rio. Unggjenta har allereie klart B-kravet både på 100 og 200 meter bryst.
EM avsluttar ho med å svømme 50 meter på laurdag.
– Då skal eg gje alt, avsluttar ho i innlegget.