Gir seg med massevaksinasjon
Onsdag blir siste runde.
Onsdag 23. februar, 13 månadar etter første runde i Oshallen og på Fjord'n Senter, er siste dato for massevaksinasjon mot koronaviruset.
– Det er ikkje så stor pågang lenger, sa kommunalsjef Monica Totland Melvold i kommunestyret torsdag.
I dag har kommunen lagt ut informasjon om siste dato - og vidare vaksinering.
Med unntak av nokre månadar pause i haust, har det vore 13 samanhengande månadar og over 50.000 sette dosar.
- 12.300 bjørnafjordingar har fått tredje vaksinedose. Det vil seia om lag halvparten av alle som bur i kommunen vår. Av dei over 65 år, er godt over 90 prosent vaksinerte med tre dosar.
– Når så mange er ferdigvaksinerte, er det rett og slett for låg etterspurnad til å halde fram med denne typen massevaksinering, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Det skal vera ledige plassar til siste runde, sjølv om opningstidene er reduserte til nokre timar på formiddagen.
Koronavaksinen er gratis også etter at det er slutt å massevaksinasjon. Kommunen har avtalar med Vitusapotek og Apotek 1 på AMFI Os og i Os sentrum.
I tillegg kan du få vaksine hos fastlegen din (med unntak av Flåten legesenter).