Gir 25.000 kroner
Os Røde Kors gir 25.000 kroner til katastrofen på Filippinene og startar innsamlingsaksjon i Osbygda.
– Os Røde Kors har sendt kr. 25.000.- frå sine midlar avsatt til katatrofehjelp og oppfordrar innbyggarane i Os, andre organisasjonar, bedriftene og kommunen til å gjera det mogleg å yte enno mer hjelp, seier leiar for Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen.
– Vi plasserar no bøsser i butikkar og på bensinstasjonane.
– Du kan òg gje ditt bidrag ved å ringa 820 44000 eller å ved å senda HJELP til 2272 eller å gje direkte på kontonr 82000610190, fortel Sælen.
Os Røde Kors vil ikkje gå rundt med bøsser, då dette vil bli godt ivareteken av Kirkens Nødhjelp.
Har ikkje oversikt
Røde Kors mobiliserar no over heile verda for å hjelpe ofra på Filippinene. Den humanitære katastrofa er enorm. Enno har ingen full oversikt over dei massive øydeleggelsane.
– Medmenneskjer har no akutt behov for øyeblikkelig hjelp i form av mat, vann, naudly, helsehjelp og medisinar. Faren for epidemiar er stor, epidemiar som alene kan forårsaka meir liding en nokon kan fatta, seier Røde Kors-leiaren.
På same måte som her i Noreg, har Røde Kors på Filippinene lokale Røde Kors foreningar spredt over heile landet, også i dei hardest råka områda.
– Mange Røde Kors-frivillige i de råka områda er sjølv hardt ramma av katastrofen, men dei prøver å hjelpe så godt dei kan.
– Den høgste prioriteten er å redda liv, og mange hundre frivillige frå resten av landet er no på veg inn i katastrofeområda. Røde Kors har allereie 300 tilsette og 2000 frivillige på bakken i de hardest råka områda.
Kan hjelpa å spore slekningar
I store katastrofer er det mange menneskje som kjem bort frå kvarandre. Røde Kors sin oppsporingsteneste er allereie i gong på Filippinene.
– Vi veit at det er mange med tilknytning til Filippinene også i Os.
– Dei som ikkje har klart å kome i kontakt med sine næraste i det katastroferåka området kan kontakta oppsporingstenesten til Røde Kors, så skal vi gjera vårt beste for å finna dei, avsluttar Nina Solvår Sælen.
Oppsporingstenesta når ein på 22 05 41 71, 22 05 41 83 eller epost: tracing@redcross.no