GHB-miljøet reinska vekk?
I fjor på denne tida sleit mange i Os med GHB-misbruk. No høyrer vi sjeldan om beslag eller overdose.
I løpet av dei tre første vekene i 2009 var det minst fem tilfelle av GHB-overdose i Os. Utover våren og sommaren var det fleire som rusa seg på det farlege stoffet, og Os kunne ei stund sjå ut til å vera ein versting-kommune på dette området.
- Vi følgte miljøet tett og gjorde mange beslag, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Lensmann Rasmus Dalen hadde ikkje tru på at det var særleg verre i Os enn andre stadar. Årsaka til at det kunne sjå sånn ut var nettopp at dei hadde god oversikt over miljøet som dreiv med GBL og GHB.
Les også relaterte saker i høgre marg.
Har det blitt betre?
I 2010 har det vore langt færre tilfelle av GHB-beslag og overdosar, i alle fall som Midtsiden kjenner til. Har det verkeleg blitt betre?
- Ja. Vi ser mykje mindre til GHB- og GBL-problemet i Os no, stadfestar Hadler-Olsen.
Fleire årsakar
Politiet i Os har hatt ein intensiv innsats mot narkotikamiljøet i Os det siste året. Det har gjeve resultat.
- Både produsentar og seljarar er tatt, men årsakene til at problemet nesten er rydda vekk er fleire, seier Audun og ramsar opp:
• Det tverretatlege samarbeidet vi oppretta i fjor, som blant anna inneheld behandlingstilbod til avhengige, har vore vellukka.
• Nokre av dei mest tydelege personane i GHB-miljøet har flytta ut av bygda.
• I mars i år hamna GBL, råstoffet GHB blir produsert av, på narkotikalistene.
- Det er nok dessverre framleis folk i Os som rusar seg på GHB, men vi har saman med helsepersonell i kommunen både redusert omfanget kraftig og fått gjeve hjelp til mange.
- Fleire av dei som får problem med GHB er ferske som rusmisbrukarar, folk med skule eller jobb, familie og gode venar utanfor rusmiljøet. Vegen tilbake til eit normalt liv er kort og det er hjelp å få, seier Audun Hadler-Olsen frå Os lensmannskontor.