Generalprøvekonsert i Oseana
Os Musikkforening inviterar til "Før NM-konsert" i Oseana komande onsdag. Dette blir generalprøve før NM 11. - 12. mars.
NM for janitsjarkorps, som kvart år vert arrangert i Trondheim, er det største korpsarrangementet i landet. I år deltek 117 korps.
– Her møtest vaksenkorps frå heile landet. Meir enn 100 korps reiser til bartebyen for å spele og høyre på kvarandre. Dette skjer årleg i helga før palmehelga, som altså i år vert 11.-12. mars, seier Ruth Elin Midtbø.
Gjestekorps
Som ein generalprøve til dette, inviterer Os Musikkforening til konsert i Oseanasalen førstkomande onsdag kveld.
– I år som i fjor får vi besøk av gode musikkvener i Fana Musikklag, Skjold Nesttun Janitsjar og Alvøens Musikkforening. No har alle øvd godt i mange veker på sine respektive musikkstykke, og dette blir god konserttrening for korpsa før turen går til Trondheim berre få dagar etter.
Stas med prøveframsyning
Det vert tevla i åtte divisjonar. Fana Musikklag stiller i 6. divisjon med dirigent Bjarte Riseng. Skjold Nesttun Janitsjar stiller i 1.divisjon og Alvøens Musikkforening stiller i 2. divisjon. Begge korpsa blir dirigert av Bengt Florvåg. Os Musikkforening deltek i 3. divisjon og blir dirigert av vår faste dirigent Per-Lorentz Milotzki.
– Det blir stas å spela NM-programmet vårt i Oseanasalen og vi gler oss stort til å høyra spennande korpsmusikk frå gjestene våre på onsdagskvelden, og så gler vi oss kanskje like mykje til ei spennande helg i Trondheim! Kom og høyr, det vert ein flott konsert!, avsluttar Midtbø.
Billettar kan kjøpast i døra onsdag 9. mars.