Gav parkeringsråd på Tøsdal
Problem med turgåarar som parkerer på jordene har skapt mykje frustrasjon på Tøsdal. Søndag stilte kommunen opp for å rettleia turgåerane.
Tidlegare i mai skreiv vi om turgåarar som brukte innmarka på Tøsdal til å parkera på. Mellom anna har brannvesenet reagert på parkeringa som hindrar at dei kjem fram om ein nødsituasjon oppstår.
Søndag morgon var difor teknisk sjef Marianne Kramer og leiar for samferdsel Agnete Haugland på Tøsdal for å rettleia turgåarane. Då Midtsiden var inne der i 10.30-tida var det ikkje mange å rettleia.
– Det er nok i varmaste laget for folk å gå i fjellet i dag, dei har nok heller satsa på fjorden, smilte dei to om kapp med sola.
– Grunnen til vi gjer dette er for å rettleia om korleis ein skal parkera her inne. Etter at gjerdene langs innmarka har kome opp har det betra seg, men vi tenkte det kunne vera ein grei måte å gjera det på for å unngå feilparkering langs Tøsdalsvegen.
Dei to var ikkje der for å vera parkeringsvakter eller å bøtleggje nokon, berre for å gjera turfolket merksame på problema dei kan skape om dei parkerer langs vegen.