Gav Erna råd
Statsminster Erna Solberg vitja Os Asvo som eit lekk i arbeidet med regjeringa si satsing på "Eit sterkare sosialt sikkerheitsnett". – Gje oss forutsigbarheit, var rådet ho fekk.
Tysdag vitja statsminister Erna Solberg (H) Os Asvo. Der blei ho teken imot av ordførar Terje Søviknes (Frp), styreleiar Kåre Lutro og dagleg leiar Kristian Nygaard saman med delar av toppleiinga i Os kommune. Os Asvo er den bedrifta i Os kommune som driv tilrettelagt arbeid innan tiltaka Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) og Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS).
Noko av det unike med Os Asvo er at heile 45% av omsetninga kjem frå produksjonen, som underleverandør til fleire større verksemder som Lyssand Treindustri og Rolls Royce.
– Eg er imponert over at de klarar å få det til å gå rundt og til og med med overskot.
– Det er nok mange av tilsvarande bedrifter som har lent seg for mykje på dei offentlege tilskota frå NAV og eigerkommunane, men de har jo verkeleg klart å jobba dykker opp ein marknad, skraut statsministeren.
Les òg: Omset for 13 millionar
– Har sett deg på TV
Før møtet med leiinga og dei kommunale toppane fekk Solberg ei omvisning i produksjonslokala og møte med dei tilsette.
– Eg har sett deg på TV, var helsinga ho fekk frå fleire på veg gjennom lokala.
– Ser eg annerleis ut då, undra Solberg.
– Ja, litt, svara Jon Bendik Melhuus, i full gang med å kappa emballasje for frakt av vindauge.
Solberg fekk på sin rundtur ei grundig innføring i kva og korleis produksjonen går føre seg på Os Asvo.
– Her handlar det om millimeterpresisjon, forklarte dagleg leiar Kristian Nygaard då foringar og listverk blei inspisert.
Meir enn berre arbeid
Statsministeren fekk gjennom møte med dei tilsette oppleva noko av kjerna med verksemden.
– Det fellesskapet og den sosiale møteplassen dette er for dei tilsette er like viktig som arbeidet.
– Vi som kommune er ekstremt heldige som har ei slik bedrift. Det gjer arbeidet vårt i kommunen vesentleg lettare, forklarte ordføraren.
Forutsigbart og langsiktig
Tilbake på møterommet fekk statsministeren høyra frå styreleiar Kåre Lutro og hovudeigar Os kommune ved ordførar Terje Søviknes om kva forventningar dei har til regjeringa på vegne av bedriften.
– Det aller viktigaste er at vi gjennom NAV får forutsigbare og langsiktige rammer.
– Eg opplever ikkje heilt at det er slik i dag, forklarte Lutro, som fekk støtte frå ordføraren.
– Dei som jobbar her er opptatt av å levera. Dei stiller på jobb kvar einaste dag og har eit utruleg lavt sjukefråvær.
– Andre verksemder er avhengige av den jobben som blir gjort på Os asvo, det er vi glade for. At vi kan driva relle arbeidsplassar med reell produksjon.
– Eg vil oppfordra deg til å bruka dei sjølvstendige arbeidsmarknadsbedriftene ved å gje dei langsiktige rammevilkår, supplerte Søviknes.
Kan tenkja seg å utvida
Solberg lurte på kva tankar leiinga og kommunen hadde omkring å enno fleire grupper arbeidstrening gjennom verksemda.
Nils Petter Borge, leiar for helse, omsorg og beredskap, svarte at dei hadde vore i dialog omkring også andre grupper.
– Eg og Kristian har snakka om fleire grupper, til dømes innan rus, psykiatri og liknande.
– Samstundes er det nokre utfordringar knytt til ei slik utviding, forklarte Borge.
– Ei gruppe vi òg kunne tenkt oss var den gruppa av elevar som fell utanfor i den videregåande skulen.
– Det å kunne tilby dei eit meiningsfylt arbeid, kor dei måtte komma seg opp om morgonen er noko vil kunne tenkje oss, supplerte Nygaard.