– Gav aldri opp
Os sparte krefter til morgondagens viktige juniorkamp, og stilte med ein liten og ung Os 2-tropp i Odda i dag.
Juniorlaget til Os går for nok eit opprykk, men gjekk på sitt første tap i haust då dei i førre runde møtte Vadmyra.
I morgon (kl 17.30) speler Os sitt juniorlag, som ligg på 2. plass i 2. divisjon, heime mot serieleiar Bremnes. Derfor blei fleire av dei beste juniorane spart i dagens bortekamp med Os 2.
– Vi stilte med 13 mann i Odda i dag, fleire av dei er førsteårs junior og 3-4 av dei fekk sin debut på seniorlaget i dag, fortel trenar Vidar Bahus.
Os 2 vann heimekampen mot Odda 7-2.
– Dei klarte seg bra, men vi fekk det litt tøft mot eit lag som Odda.
Odda - Os 2 6-0 (2-0)
– Vi spelte ein jamn førsteomgang og skapte like mange sjansar. Men Odda skåra på sine to, det gjorde ikkje vi.
3-0 kom tidleg i 2. omgang.
– Men vi gav aldri opp, den skal dei ha. Det blei ikkje så verst, men poeng kunne vi dessverre sjå langt etter i dag, seier Bahus.
Os 2 ligg framleis nest nedst på tabellen, men har 17 poeng, 3 frå 10. plass, 6 poeng frå 8. plass når det står tre kampar igjen.