Lokal | 06. des. 2020

Går over til gult nivå - får heimeskule to dagar

Vil unngå unødig karantene før jul.

Går over til gult nivå - får heimeskule to dagar
Os Gymnas. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. des. 2020 09:51

På grunn av lågare smittetal er det ikkje lenger raudt smittenivå ved nokre av dei vidaregåande skulane i Vestland. Det blir heimeskule på alle skulane måndag 21. og tysdag 22. desember, opplyste Vestland fylkeskommune fredag.

Hovudforskjellane på raudt og gult nivå er at lærarane no kan veksla mellom klassar dei underviser, og at heile klassar kan få undervising saman, i staden for i små grupper.

Samtidig blir det heimeskule dei to siste undervisingsdagane før juleferien, måndag 21. og tysdag 22. desember.

– Ein del elevar og lærarar har vore i karantene i haust, og vi har forståing for at dei fryktar ei jul med dei avgrensingane karantene gir, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse.

– Vi håpar heimeskule dei to siste dagane før jul gjer elevane, tilsette og føresette litt mindre engstelege for at dei ikkje får feira den jula dei ønskjer.

Kva med 1. til 10. klasse?

Grunnskulen er det kommunen som styrer. Å gå over til heimeskule etter fredag 18. desember har òg vore diskutert politisk i Bjørnafjorden kommune.

Først blei spørsmålet reist av Marie Lunde Bruarøy (H), så tok Tina Bøe Buer (MDG) saka opp igjen i formannskapsmøte tysdag.

– Mykje tyder på at dei nasjonalt vil opna for dette. I så fall må vi ta ein grundig diskusjon her, om dei siste dagane før skuleferien skal bli heimeskule, sa kommunaldirektør Christian F. Fotland.

Kommunalsjef Line Rye la til at Bergen diskuterer ei frivillig løysing, og at ho synest at kommuneadministrasjonen kan avgjera dette åleine, at det ikkje skal opp politisk.

Kunnskapsminister Guri Melby var innom temaet i regjeringa si pressekonferanse fredag. Der understrekte ho at kommunane står fritt til å bestemma dette.

– Fordelen ved å slutta fysisk oppmøte fredag 18. desember er at vi får nokre fleire dagar til å gjennomføra testar og få svar på testar før jul, når fleire får besøk, og gjerne tilreisande gjestar. Det kunne nok vore ein stor fordel med heimeskule eller eit alternativ dei siste dagane før jul, og eg vil sterkt anmoda at vi går for det, sa Terje Søviknes (Frp) i møtet tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.