Lokal | 07. okt. 2012

Går mot grå haustferie

Dei første dagane i haustferien blir våte, men det er håp om sol seinare i veka.

Går mot grå haustferie
Søre Øyane i dag. (Mobilfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. okt. 2012 14:12

Den første helga i haustferien har vore skiftande mellom stille og sol og tunge regnbyger, søndag litt lettare enn laurdag.

Også måndag er det venta ein del nedbør, både Storm og Yr melder 7 mm nedbør i morgon.

Storm spår at det skal letta tysdag og melder berre 0,5 mm tysdag og 0,3 mm onsdag.

Yr trur det kjem 7 mm også tysdag, men er samd i at det berre kjem 0,3 mm onsdag.

Torsdag finast

Både Yr og Storm spår opphaldsvër torsdag.

Men for helga er også Storm meir optimist enn Yr og melder lettskya og opphaldsvêr torsdag og fredag og berre 0,8 mm laurdag.

Yr melder 12 mm fredag og 8 mm nedbør laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.