Går for finalar!
Det er ikkje berre handball-laga til Os Turn som reiser til Storhamar cup med mål om finalekamp. – Målet er å dømme finalar, seier dei tre dommarpara frå klubben.
Tradisjonen tru reiser handballgruppa til Os Turn med 11 lag i samla tropp for å spele Storhamar Cup i Vikingskipet. Til helga er også seks dommarar fordelt på tre par med på turen over fjellet.
Og som laga, så konkurrerar dommarane om å kome til finalen.
– Målet er å få dømme ei finale, fortel dei seks ungdommane frå Os Turn.
Håpar på 12 og 13 års finalar
Dei tok alle dommarkurs for halvanna år siden og har i vinter dømt mellom 30 og 70 kampar kvar i den lokale serien opp til 14 årsalderen.
– Er det 14-årsfinalane som er målet?
– Nei, vi er nok ikkje der, men ei 12 A-finale er noko vi går for, fortel Silje Roald og Tham Kim Dang.
– Vi satsar òg på ei 12 årsfinale, supplerar Jannicke Råen og Camilla Bahus.
Gutane har ei litt høgre målsetting.
– Ei 13 A-finale er målet. Om det blir gutar eller jenter speler ingen rolle, smiler Sivert Egge Drange og Nils Andris Hamre.
Slitsomt, men veldig gøy
Silje, Jannicke, Sivert og Nils var òg til Hamar i fjor. Dei fortel om ei slitsom, men veldig gøy helg.
– Vi blei innkvartert på sportellet rett ovanfor Vikingskipet.
– Laurdagen var det middag og dommarsamling på eit hotell på Hamar, kor også finaledommarane blei annonserte.
– I år satsar vi på at det er namna våre som blir ropt opp.
32 kampar
For å dømma får dei dekka reise, opphald, kost og losji i tillegg til 3 kroner per dømde minutt.
– I fjor blei det 32 kampar på oss i turneringa, så det blei litt lommepengar, smiler Silje Roald, som reknar med at det blir omtrent like mange i år.
Kampane er riktig nok kortare enn ein vanleg seriekamp, men at det blir mange minutt på parketten for dei seks er det liten tvil om.
– Kva er det mest spesielle de har opplevd på banen som dommarar då?
– Det må vera då ein trenar plystra på oss. Eg trur det var at han ikkje var heilt einig i det vi dømde som var grunna, fortel Jannicke.
– Det mest spesielle eg har vore borti var då ein far kom ned frå tribuna for å læra meg å dømme, samstundes som dottera hans låg skada på gulvet, fortel Silje.
Ein ting er dei samde om alle seks, slik oppførsel frå trenarane og tilskodarane håpar dei dei unngår på Hamar.
– Dei må ikkje gløyme at utan dommarane blir det ingen kamp, og vi gjer det for ungane deira, avsluttar dei tøffe ungdommane.