Gamlebåten er selt
Dales Rederi, som kjøpte ny båt i fjor, har selt gamle-Røttingøy.
I januar 2011 kjøpte Dales Rederi ny Røttingøy, 2. september klappa nyebåten til kai på Gjelevika i Øyane.
Nyebåten er 7 meter lengre, 2 meter breiare og har 50 prosent større lastekapasitet enn den førre.
I februar i fjor la dei gamlebåten ut for sal, med atterhald om at dei måtte få bruka båten til fiske fram til nyebåten var klar.
– Vi har hatt mange interessentar og vore veldig nær sal, men først no i starten av mars kom det nokon på banen som enda med å slå til. Og då skjedde det raskt, seier dagleg leiar i Dales Rederi, Astrid Dale.
– Det er kjøpars marknad og vi måtte gå ein del ned i pris. Men det blei ein OK avtale og vi er nøgd med at båten er selt.
Kjøpar er islandske SEA Investment Ltd.
Overlevering onsdag
Laurdag kveld rett før midnatt la skipper Olav Dale frå land med mannskap på fire, på veg til Island der båten skal i dokk for inspeksjon og seinare ombygging.
– Om bord er også nokre av fiskarane som skal driva båten, så dei får ein gjennomgang saman med vårt mannskap.
Astrid skulle også vore om bord, men måtte ordna med nokre dokument i dag, så ho må ta fly til Island for å vera med på overleveringa onsdag.
God start med nyebåten
Etter levering i Island skal familien Dale med mannskap heim igjen til Øyane og førebu nye Røttingøy på nye tokt.
– Nyebåten fungerer veldig fint. Til no i år har vi vore til Island og i Barentshavet og fiska lodde og NVG-sild. Det har vore bra fiske, men dårleg vêr, så det har blitt ein del venting.
– I slutten av mai skal vi ut på nordsjøsilda og tida fram til då vil vi bruka på å installera noko nytt utstyr og på generelt vedlikehald.