Gamle benkar fekk nytt liv
– Dei var for fine til å enda i Kolskogen, seier naboane.
Då Bjørnafjorden kommune fekk nye benkar på plass på gjestebrygga, blei nokre av dei gamle køyrd vekk for å rustast opp, mens andre blei ståande igjen som vrakgods.
– Eg fekk høyra at det ikkje var nokon plan for desse, og fann ut at det var Peppes-eigarane som eigde akkurat desse benkane og borda, fortel Oluf Hessen.
Tre sett, kvart av dei med to benkar og eit bord, var til overs.
– Metallet og lakken var veldig fint, så jobben blei enkel. Eg fekk med meg nokre naboar, og fekk benkane på hengar. Så var det berre til å fornya treverket. Skruene var like fine, så dei kunne brukast om igjen.
Det første settet blei plassert over innkøyringa til parkeringskjellaren i Os Sjøfront. Sameiget set allereie pris på den fine, vesle samlingsplassen i kveldssola.
– Eitt sett blir ståande igjen til turistinformasjonen. Det kan hende vi bruker det tredje settet også, men om andre vil ha det så er det berre til å melda seg.
Styreleiar i sameiget, Per Eide-Olsen, set stor pris på det fine gjenbruksprosjektet.
– Eg vil takka Oluf og resten av dugnadsgjengen. Her forvandlar dei vrakgods til noko verdifullt. Dette blei ein fin, liten solskinshistorie, synest Eide-Olsen.