Gamalt nummer snart ute av drift
Os og Samnanger legevakt: Onsdag er det slutt for 815-nummeret. Her er to andre nummer du bør lagra.
1. september i fjor kom det nye, riksdekkande legevaktnummeret, 116117, som er gratis å bruka og som er nummer til den legevakta som geografisk er nærmast deg uansett kor i Noreg du er.
– Vi har halde det gamle nummeret, 815 17 020, i drift til no, men frå onsdag fungerer ikkje dette lenger, opplyser Therese Bodin-Hetland frå Os og Samnanger legevakt.
Tida er med andre ord moden for å lagra 116117 på mobilen.
Eige, lokalt nummer
– Kva om du er ein annan stad i landet, eller i utlandet (der 116117 ikkje kan brukast), men likevel vil snakka med legevakta i Os, for eksempel om du er pårørande eller på veg heim frå ferie med ein skavank som noko bør sjå på?
– Vi har eit eige lokalt nummer, 56570370, som folk gjerne må bruka. Men 116117 er godt å ha lagra uansett.
Kor tid skal du ringa til kven?
Hugs at legevakt og medisinsk nødnummer ikkje er til same situasjon.
Når du treng legehjelp - kven skal du ringa?
• Fastlegen din i opningstida
• Nytt nasjonalt legevaktnummer 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta
• 113 når det er akutt og står om liv