Næringsliv | 17. sep. 2013

Fysikk frå Flekkefjord

Fysioterapeut Even Johansen Frisell starta i går eigen praksis på Flåten.

Fysikk frå Flekkefjord
Even Johansen Frisell er på plass på AMFI Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. sep. 2013 10:05

– Eg fekk tips av ei venninne av meg som bur i Os, om ledig kontor ved Flåten Fysioterapi.

– Dette var ideelt for meg, som er privatpraktiserande, og eg har blitt tatt veldig godt imot, seier Even Johansen Frisell.

No leiger han kontor og tilgang til fasilitetane og utstyret til det etablerte fysioterapi-senteret på AMFI Os. Frå i går var han i drift.

Nye medspelarar?

Frisell kjem frå Flekkefjord og tok utdanninga i Bergen. Etterpå blei det jobb i Stavanger, både for kommune og sjukehus.

– Eg har det ikkje travelt med å flytta til Sørlandet igjen, eg trivst godt på Vestlandet og synest osingane er eit veldig triveleg folkeferd.

Han behandlar langvarge og akutte problem relatert til musklar og skjelett, også idrettsskadar.

– Då eg jobba turnus i Stavanger pendla eg til Flekkefjord for å spela 3. divisjonsfotball, og for å vera fysioterapeut for klubben.

– Eg har plan om å kontakta fotballklubbar her i Os, både for å trena og for å høyra om det er interesse for samarbeid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.