Lokal | 12. sep. 2013

Fylte bilen med klede og verktøy

Politiet har i dag leita etter irske handverkarar som handla vel mykje "på kreditt" hos Proff Verktøy.

Fylte bilen med klede og verktøy
(Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. sep. 2013 13:38

Politiet fekk i dag melding om tjuveri av arbeidsklede for 15.000 kroner hos Proff Verktøy.

– Det starta med handel på kreditt onsdag ettermiddag, og det kan godt henda at dei har plan om å gjera opp for seg, seier ein av dei tilsette i butikken i Elvebakken.

Til saman har handverkarane tatt med seg varer for rundt 40-50.000 kroner

– Men måten dei gjekk fram på i dag gjer at vi er urolege for oppgjeret, legg han til.

Fylte butikken med folk

Onsdag ettermiddag kom nokre representantar for eit utanlandsk handverkarfirma innom og registrerte seg som kunde hos Proff Verktøy.

Dei fekk handla for 10-15.000 kroner på kreditt, som er maksgrensa for nye kundar.

– Medan eg var vekke frå butikken i dag, og ein kollega var på jobb, kom dei inn og handla for yttarlegare 22.000.

Dei stilte då mannsterke, først to, så fleire og fleire, til slutt var det rundt 15-16 personar i det vesle butikklokalet samtidig.

Nokre av dei hadde spørsmål om varer som gjorde at den butikktilsette blei opptatt med leiting.

Situasjonen blei veldig uoversikteleg.

Stakk frå staden

– Så kom eg tilbake før dei siste to hadde kjørt, og såg at bilen var fylt med varer. Då eg sa at han ikkje kunne få meir på kreditt før rekninga frå i går var betalt, bad han meg henta faktura.

– Medan eg henta faktura kjørte han frå staden.

I etterkant har dei tilsette oppdaga at fleire varer som ikkje blei ført på kreditt er sakna frå butikken.

– Dei har tydelegvis tatt med seg meir enn det dei har kome til kassen med.

Politiet har leita etter handverkarane i Os i dag, blant anna på ein byggeplass i Os, men etter det Midtsiden kjenner til er det førebels utan resultat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.