Lokal | 24. des. 2013
Fyllebråk på buss
Politiet måtte hjelpa Kystbussen med ein berusa passasjer.
Andris Hamretysdag 24. des. 2013 10:16
I 1530-tida fekk politiet oppmoding om å hjelpa med ein passasjer som hadde begynt ei litt for heftig julefeiring på Kystbussen på veg mot Bergen.
– Bussen hadde nettopp køyrd ombord på Sandvikvåg då vi fekk oppmodinga.
– Vi møtte bussen og tok hand om passasjeren då dei kom til Halhjem.
– Han skal har vore berusa, høglytt og ufin både mot dei andre passasjerane og bussføraren.
– Vi tok ein prat med mannen og fortalde han korleis han skulle oppføra seg før vi køyrde han til ein ny buss slik at han kom seg vidare, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.