Fylkesrådmannen vil ha bru
Bru over Bjørnafjorden: Kortast mogleg reisetid mellom Stord og Bergen, samanhengande bu- og arbeidsregionar og rask realisering er grunngjevinga.
Torsdag i neste veke skal samferdselsutvalet og fylkesutvalet koma med ei uttale til tilleggsutgreiinga til konseptvalutgreiinga for E39 Aksdal-Bergen.
Fylkesrådmannen går i si innstilling inn for alternativ 4c midtre linje med bru over Bjørnafjorden:
1. Fylkesutvalet vektlegg kortast mogleg reisetid mellom Stord og Bergen, fleire samanhengande bu- og arbeidsregionar mellom Stavanger og Bergen og rask prosjektrealisering. Fylkesutvalet går difor inn for alternativ 4c midtre linje, med bru over Bjørnafjorden, som ny trase for E39 mellom Stord og Bergen.
2. Fylkesutvalet føreset at ein i det vidare planlegging- og prosjekteringsarbeidet av ilandføringa av bru over Bjørnafjorden tek omsyn til dei verdfulle frilufts- og naturverdiane i skjergarden.
3. Det hastar med å koma i gang med prosjekteringa og bygginga av ferjefri E39 mellom Bergen og Stord. Hordaland fylkeskommune har i «Regional planstrategi 2012- 2016» foreslått å utarbeida ein regional plan for ferjefri E39 Aksdal – Bergen, for å sikra framdrift i det vidare planarbeidet, samt ivareta behovet for koordinering på tvers av kommunegrensene.
Redusert reisetid
I saksutgreiinga viser fylkesrådmannen til at fylkesutvalet har vektlagt redusert reisetid mellom Stord og Bergen, betre integrasjon og utviding av arbeidsmarknaden i planområdet samt omsynet til moglege transport- og næringsmessige tilleggsvinstar, som sentrale mål for ein ny trasé for E39 mellom Aksdal og Bergen.
- Ein ferjefri veg mellom Bergen og Stord etter midtre trase, er den samfunnsøkonomisk mest lønsame. Traseen er den kortaste i lengde og reisetid, noko som vil gje betra logistikk og reduserte avstandskostnader, argumenterar fylkesrådmann Rune Haugsdal.
Han meinar vidare at gevinsten i høve til eit utvida bu- og arbeidsmarknadsområde er størst for midtre alternativ, då ein får utvikla fleire samanhengande bu- og arbeidsregionar frå Bergen til Stavanger.
Indre kan ta lengre tid
Fylkesutvalet har tidlegare «sterkt understreka» at trasévalet må vera finansielt akseptabelt.
Berekningane i tilleggsutgreiinga viser at kostnadsskilnaden mellom dei to linevala er liten, og på grunn av vesentleg kortare strekning får det midtre alternativet ein høgare netto nytte /samfunnsøkonomisk lønsemd argumenterar fylkesrådmannen i saksutgreiinga.
Han viser også til at fylkestinget har vedteke å prioritera prosjekt som gjev rask realisering.
- Anslag på samla tidsbruk for planlegging, bygging og prosjektering er om lag den same.
- Planleggingstida for ei indre line kan bli noko lengre enn for midtre line, då det er ei lengre strekning med mange utfordringar, skriv Haugsdal.
Ta omsyn til skjergarden
Fylkesrådmann Rune Haugsdal har fått med seg debatten som har vore i Os og skriv i saksutgreiinga:
I debatten etter framlegginga av tilleggsutgreiinga er det blitt fokusert på Bjørnatrynet ved Halhjem som eit alternativ til Søre Øyane som ilandføringspunkt for «Bjørnafjordbrua» på Os-sida. Fylkesrådmannen føreset at ein i det vidare planlegging- og prosjekteringsarbeidet av ilandføringa av bru over Bjørnafjorden tek omsyn til dei verdfulle frilufts- og naturverdiane i skjergarden.