Fylkesmannen med tre spørsmål
Fylkesmannen har stilt tre spørsmål til Os kommune i Irish Cat-saka. Kommunen har sendt svar, spørsmålet er om svara er gode nok.
I samband med fylkesmannen si behandling av klagesaka om etablering av Irish Cat, og vurdering av om dette er i tråd med reguleringsplanen for Os sentrum, sendte fylkesmannen i brev til Os kommune 23. januar "oppmoding om opplysingar" i saka.
– Det var nokre punkt vi ville ha nærmare skildra, seier rådgjevar Marianne Sandvik frå fylkesmannen sitt kontor.
Ho ønskjer elles ikkje å kommentera saka så lenge den er under handsaming.
Her er spørsmåla, i korte trekk:
1. Har det tidlegare blirr godkjent nattklubbar på område som ligg under føremålet "forretning, kontor m.m."?
2. Var lokalet frå før godkjent som restaurant/selskapslokale/pub/kafé?
3. Viss det var godkjent frå før, var godkjenninga gjeve på bakgrunn av at tiltaket var i samsvar med føremålet "forretning, kontor m.m."?
Os kommune sendte svar i saka måndag 28. januar.
1. Det har blitt etablert nattklubbar på område som ligg under føremålet "forretning, kontor m.m.".
2./3. Slik vi ser det har det vore praksis i Os kommune å inkludere serveringsstader, pubar og nattklubbar i sentrumsområde.
– Forstår ikkje at dei tør
Os kommune bruker ikkje ord som "godkjent", "ja" eller "nei", men held seg til formuleringar som "blitt etablert" og "vore praksis å inkludera".
– Eg forstår ikkje at dei tør å svara på denne måten, i svaret framstår kommunen som om dei har lite innsikt i plan- og bygningslova, seier Terje Haugan frå Bergen Eiendomsrådgivning, som på vegne av kunde, Irish Cat-nabo Oshjørnet AS, har fått klagen til behandling hos fylkesmannen.
– Å visa til kva som har vore praktisert, når det er i strid med lova, er som å tru at det er lov å kjøra for fort viss du viser til at du ofte kjører med høgare fart enn fartsgrensa.
Haugan er blant berørte som fekk tilsendt kopi av brevet frå fylkesmannen og han har sendt sine kommentarar i saka.
Her er kortversjonen av svara, fordelt etter spørsmåla over:
1. Vi har jobba med saka i 26 månadar og funne dokumentert at det ikkje tidlegare har vore søkt eller gjeve bruksløyve til nattklubb i planområdet.
2. Lokalet det er snakk om er ein samanbygning av minst to hus, derfor har lokalet aldri hatt nokon godkjenning som den eininga bygget framstår i dag.
3. Det siste bygget er byggesøkt i 1981, altså to år før reguleringsplanen var stadfesta (1983). Basert på desse datoane synast dette punktet å vera avklart.
Trur saka fell
Medan Sandvik hos fylkesmannen ikkje vil kommentera kva dei synes om svaret frå kommunen meiner Haugan at det er innlysande at desse spørsmåla, og svara fylkesmannen får, er essensielle.
– Det ligg i spørsmåla at saka står og fell på svara. Og med svara, som skulle vore eit tydeleg "nei" på alle tre punkt, er eg overraska om fylkesmannen vil avvisa klagen vår, seier Terje Haugan.
Fylkesmannen har frist til ut februar å koma med svar.
– Det er mykje å gå igjennom i denne saka, så det kjem til å gå ein del tid, seier Marianne Sandvik.