Fylkeskommunen seier nei til riving
Hordaland fylkeskommune rår Os kommune til ikkje å riva Fjellheim og den gamle brannstasjonen, eller å endra Osbane-traseen.
Områdereguleringa for Os sentrum Vest blei lagt ut til offentleg ettersyn i byrjinga av mars.
Innan fristen var det komen inn 5 offentlege og 14 private merknadar.
Dei fleste av dei private merknadane er protestar mot å riva Fjellheim.
No kan det sjå ut som om desse får støtte frå Hordaland fylkeskommune, som i sitt tilsvar til kommunen rår i frå reguleringsforslaget ut i frå omsynet til kulturminneverdiane.
– Vi ber om at planforslaget vert endra slik at forsamlings- og kulturhuset Fjellheim på gnr. 52 bnr. 47 og Os gamle brannstasjon på gnr. 52 bnr. 25 og Osbanetraseen vert bevart og regulerast med omsynssone, jf. pbl § 11-8 bokstav c med føresegner jf. pbl § 12-6 før planen vert vedteken, konkluderer fylkeskommunen.
Høg lokal kulturminneverdi
I si vurdering legg fylkeskommunen vekt på den høge lokale kulturminneverdien dei meiner Fjellheim, Os gamle brannstasjon og Osbanetraseen har.
«Etter Hordaland fylkeskommmune sitt syn er det uheldig at planforslaget legg opp til riving av både Fjellheim og den gamle brannstasjonen. Vi kan ikkje sjå at det ligg føre dokumentasjon i plansaka som konkluderer med at desse to bygningane må rivast av di dei er i for dårleg stand eller at dei ikkje kan leggjast til rette for ny bruk.
Som del av det nasjonale målet om å sikre ei bærekraftig forvalting av kulturminne, meiner vi at desse bygningane burde vore sett i eit «vern gjennom bruk»-perspektiv. Ivaretaking og vern av viktige lokale kulturminne som Fjellheim og Os gamle brannstasjon vil bidra til å styrke Osøyro sin identitet som stad, jf. pbl § 3-1, bokstav a.
Vi minner om at kommunen sjølv har ansvar for ivaretaking av lokale kulturminne, jf. pbl § 3-3, og pliktar å ta omsyn til overordna statlege og regionale interesser i si planlegging jf. pbl § 11-1 andre ledd. Hordaland fylkeskommune rår difor i frå planen og ber om at planforslaget vert endra slik at forsamlings- og kulturhuset Fjellheim på gnr. 52 bnr. 47 og Os gamle brannstasjon på gnr. 52 bnr. 25 og Osbanetraseen vert bevart og regulerast med omsynssone, jf. pbl § 11-8 bokstav c med føresegner som opnar opp for ny bruk, jf. pbl § 12-6.»