Funnen etter fire dagar
Eigarane har prøvd både finnarlønn og plakatar, og førebudde seg på leiteaksjon til fjells. Men fredag kveld blei Felix funnen!
Første nyttårsdag fekk Midtsiden melding om både funnen hund og sakna hund.
Hunden som var funnen blei fort levert til eigar, men den sakna hunden, ein hannhund av typen Manchester Terrier, var framleis sakna då Midtsiden hadde kontakt med eigar fredag ettermiddag.
– Vi har hengt opp plakatar, delt ut lappar i nabolaget og vi har kjørt rundt og leita, seier eigar, som bur i Hjellevegen.
– Laurdag skal vi på leiteaksjon på Borgafjellet.
Men før Midtsiden fekk lagt ut ny etterlysing, med auka dusør, dukka hunden opp. Etter fire dagar på rømmen.
– Eit par som kom kjørande i ei stasjonsvogn hadde funne han inne i Hegglandsdalen.
– Felix var tynn og hadde nokre skrubbsår, men var elles i fin form. Det var fantastisk å få han heim, seier den takksame eigaren.