Fullteikna på tre timar
Jentefotballdagen er minst like populær som tidlegare. I løpet av tre korte timar blei dei 250 plassane rivne vekk tysdag kveld.
Klokka 20 tysdag kveld opna Jentefotballdagen skjemaet for påmeldingar til årets arrangement som går av stabelen laurdag 23. april.
– I løpet av dei første fem minutta hadde vi registert 105 påmeldingar. Det kokte godt då, ler Eirik Andre Hesthamar.
Litt roa det seg utover kvelden, men før det var gått tre timar var alle dei 250 plassane rivne vekk.
– Det er nesten ikkje til å tru. Det er utruleg gøy. Vi kan ikkje seie noko anna. Det er tydeleg at vi har treft med arrangementet.
Allereie venteliste
Arrangørane har ikkje rekt å gå gjennom alle påmeldingane enno for å vaska listene for dobbeltoppføringar og tilsvarande.
– For å gje flest mogleg tilbod har vi oppretta venteliste som vi fyller på frå om det er dobbeltføringar eller om folk trekk seg av ulike årsaker.
– Ventelista er et framleis mogleg å sette seg på via jentefotballdagen si heimeside, forte Hesthamar.
40% nybegynnarar
Litt har Hesthamar får kikka på listene.
– Heile 40% av dei som har meldt seg på speler ikkje fotball frå før. Det er kjempemotiverande for oss som driv på med dette og viser at det er eit enno større potensiale for jentefotball trass den store utviklinga vi har hatt dei siste åra.
– I tillegg er det kjekt å registrere at over 20 av dei påmeldte er fødd i 2010.
Bra med frivillige
Jentefotballdagen er heilt avhengige av at foreldre stiller opp og hjelper til for å losa arrangementet i hamn.
– Det ser også lovande ut. Det er ein god del som har sagt at dei vil bidra. Mange av dei er gjengangarar og har vore med tidlegare. Det er veldig positivt og noko vi tolkar som ei annerkjenning av det arbeidet prosjektgruppa legg ned. Det er i allefall veldig motiverande, avsluttar Hesthamar.