Fullt hus i to etasjar
Baronessen fekk over hundre gjestar - Jonas Grill selte kebab til klokka 03.30.
Arbeidet med å bygga den nye utestaden Baronessen gjekk døgnet rundt fram til «pre-opening» fredag kveld.
Utestaden, som har aldersgrense 25 år, skal opna tidlegare på kvelden og ha ope frå torsdag til laurdag. På opningskvelden blei det rikeleg med gjestar.
– Folk har kome og gått, men vi har på det meste hatt over 110 gjestar inne på same tid. Vi har plass til 120.
– Til å vera fredag er dette fantastisk! Vi er veldig nøgde, seier innehavar Bjarte Andersen.
Jens Erik Aasmundseth var trubadur fredag (sjå videosnutt nedst i artikkelen), i kveld kjem The Poor Boys for å spela Creedence-låtar.
Lang natt hos Jonas Grill
I førstetasjen i Telthuskvartalet ligg Jonas Grill, som opna i august.
Tidlegare denne veka fortalte dei om utvida opningstid i helgene, for å by folk på nattmat.
– De blei vellykka, spesielt etter klokka 2 i natt, seier innehavar Moustafa Khabbat.
Det var spesielt kebab folk var ute etter, og Jonas Grill stengte ikkje klokka 02.30 som planlagt.
– Vi hadde ope til 03.30. Folk oppførte seg fint og vi er nøgde med den første natta, seier Khabbat.
- View this post on Instagram
A post shared by Midtsiden.no (@midtsiden) on Nov 17, 2018 at 4:49am PST