Lokal | 10. okt. 2014

Full stans på Hatvik

Oppdatert: MF Fosen som trafikkerar Hatvik-Venjaneset hadde fredag tekniske problem.

Full stans på Hatvik
Har du tenkt deg til Fusa møter du stengt bom på Hatvik. MF Fosen har tekniske problem (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. okt. 2014 11:39

Ferga mellom Hatvik og Venjaneset har tekniske problem.

– Det har nettopp skjedd.

– Vi jobbar med saken og prøver å løysa problemet. Kor lang tid det tek veit vi ikkje, opplyser FosenNamsosSjø når Midtsiden tek kontakt kl 11.30.

På heimesida si opplyser dei no at sambandet er førebels stengt grunna tekniske problem og at meir informasjon vil koma.

Vanskeleg omkøyring

Om ein i staden for å venta vel å køyra rundt om Tysse, så kan det også skapa utfordringar.

– Der driv dei vegarbeid og vegen kan bli stengt i periodar grunna sprenging.

– I Eikelandsosen står det skilt om anbefalt omkøyring via Venjaneset, men det hjelp jo ikkje når ferja ikkje går, fortel ein lesar til Midtsiden.

Oppdatert: Kl 1350 melder FosenNamsos at sambandet er tilbake i normal drift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.