Full pott etter fire rundar
– Slitekamp, seier Ruben, etter å ha leia 0-3 i 85. minutt.
Førre helg vann Lysekloster 4-0 over Gneist heime. Alexander Dang skåra to, Bongani Lionel Kamanzi og David Andreas Tufta dei to andre.
I dag var det bortekamp mot Frigg, som starta serien med siger i to av dei tre første rundane.
Lysekloster leia 0-1 til pause og 0-3 i 85. minutt.
Kampen enda med 2-3-siger til Lysekloster.
– Frigg er eit lag som liker å ha ballen mykje, noko dei fekk til. Det var ein uvant situasjon, men noko spelarane meistra svært bra, synest Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Alexander Dang skåra dei to første i 14. og 54. minutt, Senai Eyob Hagos la på til 0-3 i 85. mål.
– Vi var gifte på overgangar. Det var også periodar vi hadde ballen mest, og klarte å bygga opp nokre fine angrep, men i hovudsak var dette ein kamp vi måtte takla at motstandar styrte.
Så reduserte vertane i 89. minutt og kriga inn 2-3 på overtid.
– Det blei ein slitekamp for vår del, men vi hadde ganske god kontroll bak, og gler oss over nye tre poeng.
Neste helg ventar Lillestrøm 2 heime. Lillestrøm 2 slo Frigg 3-0 heime, og kan yta god motstand på Edne laurdag.
- Tabell og terminliste på fotball.no