Full og sint
Ho var ikkje den yngste på festivalen, kvinna som blei henta på Rock N LOL i natt.
Søfteland Rock N LOL samlar mange unge og vaksne til fest og festivalcamp, men er lite utsett for bråk og konfliktar.
Men litt tull er tydelegvis uungåeleg når mange samlast til fest.
– I 2.30-tida var vi og henta ei rusa og aggressiv kvinne, fortel politibetjent Kjetil Hansen.
Kvinna, som er i 30-åra, blei kjørt via legevakt til overnatting i arresten.
Kniv og camping
Ein halvtime seinare fann politiet ein kniv på campingen, som dei tok med seg.
– Er ikkje kniv obligatorisk utstyr når du er på telttur?
– Kanskje, men den låg på eit bord og vi vurderte det som uansvarleg midt mellom mange ungdomar på fest, seier Hansen.
Eigar kan henta kniven sin på lensmannskontoret når festivalen er over.
Politiet har også fått inn to bankkort, som er funne på festivalområdet.
Full på essoen
Tidlegare på kvelden, i 23.15-tida, kom politiet over ein full mann på Esso-stasjonen.
Han blei kjørt heim.
I 04.40-tida natt til søndag fekk politiet melding frå ein som fortalte om mykje hamring og dunking i nabolaget.
Patruljen rykte ut, men verken såg eller høyrde noko.