Sport | 24. apr. 2016

Full O-fart på Øyro

Os orienteringsklubb løp i gang sesongen med fartsfylt labyrint-orientering på Kykjeflaten.

Full O-fart på Øyro
Det var full fart på kyrkjeflaten då orienteringsklubben inviterte til sesongopning laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 24. apr. 2016 10:31

Bildeserie:

Tommy Sævareid er leiar i orienteringsklubben (foto: AH)
Tommy Sævareid er leiar i orienteringsklubben (foto: AH)
Tre ganger skulle løparane snirkla seg gjennom labyrinten (foto: AH)
Tre ganger skulle løparane snirkla seg gjennom labyrinten (foto: AH)
Trass snøbyger var det god stemning på kyrkjeflaten (foto: AH)
Trass snøbyger var det god stemning på kyrkjeflaten (foto: AH)
Slik ser stolpene ut. Scannar du QR-koden får du meir informasjon om staden du er (foto: AH)
Slik ser stolpene ut. Scannar du QR-koden får du meir informasjon om staden du er (foto: AH)
Orienteringsklubben fekk dei nye draktene dagen før arrangementet på kyrkjeflaten (foto: AH)
Orienteringsklubben fekk dei nye draktene dagen før arrangementet på kyrkjeflaten (foto: AH)
1 av 5

Laurdag inviterte orienteringsklubben til sesongstart på Kyrkjeflaten med sal og utdeling av turorienteringskart og med å presentera, det som for mange var ei ny orienteringsform, Labyrint-orientering.

– Etterpå skal vi ha ope klubbmeisterskap i labyrint-orientering. Labyrinten du ser der borte skal løparane krysse tre gonger i løpet av løpet. Totalt skal dei ta 18 postar i rekkefølgje, fortalde Tommy Sævareid, leiar i orienteringsklubben.

Har tredobla talet

Os orienteringsklubb starta i fjor turorienteringsvarianten stolpejakt, kor ein kunne kjøpe eit kart kor postane var merka av før ein gjekk på jakt etter postane, som ikkje er vanlege orienteringsflagg, men oransje stolper med ei lita kode på.

– I fjor hadde vi 30 stolpar. I år har vi satt ut 90, kor femti av dei er i same område som i fjor. I og rundt Osøyro.

– Vi har òg satt ut stolper på Lysodden og Hetlestraumen, fortel Sævareid, som håper stolpene får stå i fred.

Opplever auke

Sævareid fortel at dei i fjor hadde 14 registrerte deltakarar på stolpejakta.

– Fem av dei tok alle dei 30 stolpene. I år har vi allereie 21 som har registrert seg, og det før vi eigentleg har starta.

– Håpet er jo at stolpejakta skal fengja såpass mykje, at folk får lyst til å bli med når vi startar opp treningane etter 17. mai.

Kulturminner rett på telefonen

Delar av stolpene er integert i løypa dei har kalt Skulptur-orientering.

– Dei har vi samarbeida tett med Arne Mæland som har hjelpt oss med å beskrive dei forskjellige skulpturane. Det er nemleg slik at har du med deg ein smart-telefon og har lasta ned ein app som kan lese QR-kode, så får du ei ekstra oppleving på posten.

– Ta tildømes bysta av Nils Tveit. Scanner du QR-koden på posten ved den får du høyre Os songen. På ein av dei andre postane får du sjå ein video frå 1934 då toget køyrde til Os, forklarar Sævareid i orienteringsklubben sin nye løpardrakt prega med delar av kartet for Osøyro.

– Vi er jo patriotar for Os, så då måtte vi sjølvsagt ha kart frå Osøyro på drakta, avslutter orienteringsleiaren med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.