Lokal | 28. jan. 2013

Full mann og fleire seljarar

Søndag morgon fann politiet ein mann i 50-åra i ei grøft på Søfteland, søndag kveld kom melding om fleire utanlandske dørseljarar.

Full mann og fleire seljarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. jan. 2013 09:34

I helga har politiet blant anna tatt ein mann for promillekjøring og fått melding om ei dame som stakk frå drosjerekninga på Drange.

Søndag morgon klokka 05.55 møtte patruljen ein mann i 50-åra som nærmast låg i grøfta på Søfteland.

– Han var ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Han blei overtatt av helsevesenet, fortel Tom Johannessen.

Fleire dørseljarar

Søndag kveld fekk politiet fleire meldinger frå folk som hadde seljarar på dørene.

Både i Larsavegen, Byvegen og Varåsen var det utlendingar som ville selja varer.

– Vi var ikkje ute og leita etter desse i går, men det er nyttig at folk melder ifrå.

– Har vi høve til å rykka ut så kan vi få sjekka dei opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.