Full kontroll på Fyllingsdalen
God start på hausten: Lysekloster brukte ikkje lang tid på å snu kampen mot Fyllingsdalen 2.
Laurdag starta Os hausten med uavgjort borte mot Kopervik, måndag kveld var det Lysekloster sin tur.
– Vi starta utan godt nok tempo og presisjon og hamna under. Men det kom seg, vi utlikna kjapt og hadde full kontroll i andre omgang, seier Ørjan Sandal.
Fyllingsdalen 2 - Lysekloster 1-4 (1-3)
Målskårarar, Lysekloster: Johannes Jordal, Baste Jonassen, Joakim Hovden og Kim Kleivedalen.
– Kampen bar preg av at dette var den første etter hausten, men det var godt å sjå at vi kom i rett modus i løpet av kampen, seier Sandal.
– 4-1-målet kom tidleg i 2. omgang, derfrå kontrollerte vi spelet kampen ut.
85 tilskodarar fekk med seg kampen i Fyllingsdalen, noko som skal ha blitt opplyst som rekord også for A-laget.
Laurdag tar Lysekloster imot Os til derby, då er det venta langt fleire.
– Vi legg opp til ei ekstra ramme på denne kampen og gler oss veldig. Sjølv om vi tapte på Kuventræ var det ein veldig kjekk kamp og flott oppleving for både spelarar og publikum.
– No ser vi fram til derby på heimebane.
Kampen laurdag startar klokka 16.00.