Full fest på Kuventræ
Over 1000 publikummarar fekk med seg lokaloppgjeret mellom Os og Lysekloster i dag.
Os leiar 2-0 til pause i Battle of bygdo, serieopningen med derby på Kuventræ.
Tribunen var full før kampstart og det var framleis kø for å koma inn då kampen starta.
Midtsiden tvitrar frå kampen, følg Midtsiden på Twitter.
• Erik Kanestrøm gav heimelaget 1-0-leiing på innøvd frispark-manøver i 11. minutt.
• Christer Olsen finta vekk sisteforsvararen og klinte ballen i vinkel då han auka til 2-0 i 39. minutt.
OPPDATERT: Os vann 3-0 etter skåring av Erik Kanestrøm på straffe.
Os Turn har lagt til rette for ein fin dag og i lettskya vêr og med full tribune ligg det an til ein fortsatt fin fotballfest på Kuventræ den neste timen.
Midtsiden kjem tilbake med kampfakta, intervju, video og fleire bilde frå kampen.
Søndag er det seriestart for Os 2 i 4. divisjon, også det på heimebane, måndag er det ny derby når Søre Neset tar imot Nore Neset i 6. divisjon.