Full fest - også på dagtid
VIDEO: Livlege LidoLido og lovlydige Pelle Politibil underheldt ungar og ungdom på Tysnes laurdag.
Etter ein god start med fullt hus onsdag kom den beste torsdagen under Tysnesfest til no med Kim Larsen og publikumsrekord med over 5500 på konsert med blant andre Kaizers Orchestra fredag.
– Det har vore heilt vilt til no, seier Sigvard Madsen frå Tysnesfest.
Laurdag sto blant anna kassabillaup, konsert med LidoLido, motorsagshow med Øyvind Magne Vatle og barneshow med Pelle Politibil på programmet.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
19 år gamle Peder Losnegård frå Haugesund har sidan 5. plassen i MGP junior i 2005 gjort det bra under artistnamnet LidoLido. Han har varma opp for Snoop Dogg og fått skryt av artistar som Erik og Kriss og Carpe Diem.
I februar i år kom han med debutalbumet Pretty Girls & Grey Sweaters på Universal Music.
Albumet hauste gode kritikkar i norske aviser. På albumet har han fått med seg dei kjente artistane Yosef frå Madcon, Timbuktu, Jarle Bernhoft, Ole Edvard Antonsen og Little Steven.
På Fyret Scene på Tysnes gav han full gass og heldt, saman med det overraskande fine vêret, varmen i det store publikummet i nesten ein time.
VIDEO (03:14): Våge hamn laurdag 14. juli: Rap med LidoLido, motorsagshow med Øyvind Magne Vatle, live-musikk på Mandelhuset og barneshow med Pelle Politibil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)