Kultur | 14. jan. 2013

Full fest for Audrey Horne

Rockemiljøet i Os på haste-dugnad: Videoinnspelinga på Aksviknes blei ein braksuksess for både band og statistar.

Full fest for Audrey Horne
Statistane lagde fest under innspelinga av Audrey Horne sin musikkvideo laurdag. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 14. jan. 2013 13:00

Bildeserie:

Finn Hult har hovudrolla i videoen. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Finn Hult har hovudrolla i videoen. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Inn med møblar og utstyr. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Inn med møblar og utstyr. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Regissør Tommy Næss har laga video for Audrey Horne før. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Regissør Tommy Næss har laga video for Audrey Horne før. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Toschie kvir seg ikkje for å posera. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Toschie kvir seg ikkje for å posera. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Bone Shakers med fotograf Stig Pallesen. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Bone Shakers med fotograf Stig Pallesen. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Videoen er til låta "Redemption Blues". (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Videoen er til låta "Redemption Blues". (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Albumet "Young Blodd" kjem ut 25. januar. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Albumet "Young Blodd" kjem ut 25. januar. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
1 av 7

Ei knapp veke før osingen Torkjell "Toschie" Rød og resten av Audrey Horne skulle spela inn musikkvideo sto dei framleis utan både lokale og dei fleste statistane.

Les òg: Lager video på Askviknes

Men så tok kultureininga i Os kommune og resten av Os Rock City tak i saka. Kommunen lånte vekk Askvikneset, Os Rockeklubb og Søfteland Rock N LOL stilte med utstyr og møblar og fekk tak i statistar og personell.

– Skulle vi gjort dette i Bergen ville det aldri blitt det same. Eg er imponert over korleis Osbygda stilte opp, seier regissør Tommy Næss.

Næss med band og mannskap stilte opp på Askviknes klokka 10.30 laurdag. Rundt midnatt var det retur til Bergen. Kvelden i forvegen hadde Kjetil Osablod Grønvigh med delar av rockeklubben kjørt utstyr, laurdagen var han vekke, så då sto festivalsjef på Søfteland Rock N LOL, Andreas Lindborg, i spissen for støtteapparatet.

I tillegg til rockarane og statistane stilte Varde Film og Media med utstyr.

Etter ein dag på betasuppe blei kultursjef Lisbeth Axelsen dagens helt, då ho på kvelden kom utom og spanderte pizza på heile gjengen.

– For mange av statistane blei det ein god fest av denne innspelinga. Men det var ikkje noko problem, dei let seg instruera utan problem, ler regissøren.

Videoen er til låta "Redemption Blues" til albumet "Young Blood", som kjem i hyllene 25. januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.