Bjørnafjorden kommune | 14. mars 2022

Fryktar at frivillige lag gløymer å søkja straumstøtte

Kommunen har «pengar til overs». Fristen går ut i morgon.

Fryktar at frivillige lag gløymer å søkja straumstøtte
Mange har søkt, men ikkje alle. Her illustrert ved plating av ny hall på Nore Neset i januar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 14. mars 2022 11:09

Tysdag 15.mars er søknadsfrist på straumstøtte til lagslivet.

– Til no er det 37 som har søkt om støtte på til saman 425.453 kilowatt timar, seier kultursjef Erik Vangsnes.

Kommunen har ein pott på 1 million kroner å dela ut.

Sånn det ser ut i dag, får kultursjefen ikkje bruk for heile potten.

– Om behovet ikkje er større er dette greitt, men vi ser av listene at mange lag med hus og anlegg framleis ikkje har søkt på ordninga.

Fristen går ut i morgon. Kultureininga tilbyr hjel, om det er nokon som har behov for det.

– Eg vil oppfordra alle lag om å nytta seg av ordninga, som er ei viktig hjelp til frivillig sektor for å dekka høge straumkostnader gjennom vinteren.

Sjølve søknadsordninga går gjennom Lotteri- og stiftelsestilsynet, men det er kommunane som skal står for utbetalinga.

– Mellom dei som har søkt så langt, finn vi både idrettslag, grendahus, bedehus, båtlag og kulturhistoriske lag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.