Lokal | 04. feb. 2016

Frustrert over dårleg brøyting

Eit litt overraskande snøfall natt til torsdag, skapte utfordringar fleire stader i kommunen. Alt av mannskap er ute og brøyter.

Frustrert over dårleg brøyting
Slik såg Hegglandsdalsvegen ut i halvni-tida torsdag morgon (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 04. feb. 2016 11:16

Midtsiden fekk torsdag morgon fleire henvendelsar over manglande eller dårleg brøyting i kommunen.

– Det er ingen brøytete veier i Dalen. I dag sklei ein bil i grøfta når han møtte ein lastebil. Lastebilsjåføren fekk han oppatt, men det har aldri vore så dårleg brøyta i dalen. Eg håper det ikkje skjer ei alvorleg ulykke eller at vi treng utrykkingskøyretøy inn her, lyder ei av meldingane.

Har vore utfordrande køyreforhold

Nokre av dei som fekk ein utfordrande start på dagen var sjåførane hjå Osbuss som skulle hente skuleungar ulike plasser i kommunen.

– I dag var det utfordrande ja. Det var mange vegar som ikkje var brøytt då vi starta dagen vår. I dag var det likt over alt. Det var dårlig brøytt, fortel dagleg leiar Arne Bogevik.

Måtte snu

Sjølv køyrde han ruta over Eidsbrekka for å henta unger som skulle på skulen. Sjølv om vegen var brøytt tidleg på morgonen gjorde snøfallet det som kom seinare det vanskeleg.

– Vi køyrer med firehjulstrekkar, men i dag var det slik at eg ikkje tok sjansen på å køyre ned svingane mot Hegglandsdalen. I staden måtte eg snu og køyre om Hatvik og Hauge for å få levert ungane.

– Tilbakemeldingane frå sjåførane er at det ikkje har vore så ille som i dag tidlegare i vinter, men vi har fått alle ungane på skulen uten uhell av noko slag, seier Bogevik.

Alle bilane er ute

Ansvaret for brøytinga av vegane er delt. Dei kommunale vegane har kommunen ansvaret for, medan fylkesvegar og riksvegar er det vegvesenet som har ansvaret for. Fylkesvegen gjennom Hegglandsdalen er difor ikkje eit kommunalt ansvar.

– Eg kan forsikra om at vi frå kommunen si side har alt av mannskaper ute, både våre eigne folk og dei innleigde entreprenørane, men når vi får eit snøfall som i morges klarar vi ikkje å vera alle plasser samstundes, forklarar Marianne Kramer, leiar for teknisk drift i Os kommune.

– Sjåførane har instruks om å rykka ut når det kjem snøvêr, og det gjer dei. Dei står på så godt dei kan og gjer ein kjempejobb.

– Dei følgjer oppsatte roder og ruter etter ei prioriteringsliste. Om nokon meiner rutene burde vore prioritert annerleis tek vi gjerne i mot innspel på det, avsluttar Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.