Frustrerande tap
Handballherrene til Os spelte årsbeste, men lot seg frustrera over dommeravgjersler og tapte med to for Bjørnar 2.
Det blei ein tettare og jamnare kamp då herrelaget tok imot Bjørnar rett etter damekampen, kor Os vann 41-18.
Dei to laga følgde kvarandre tett gjennom heile kampen.
– Bjørnar stilte nok med det beste laget dei har hatt denne sesongen. Det var eit godt lag vi møtte i dag, konkluderar trenar Kenneth Husebø.
Årsbeste og årsverste
Ostrenaren var særs nøgd med innsatsen og spelet til Osherrane trass 25-27-tapet.
– I dag viser guttane ein fantastisk lagmoral og innsats. Vi stiller med eit veldig ungt mannskap med to 16-åringar, tre 17-åringar og tre 18-åringar, likevel speler vi den beste kampen vi har gjort i år.
– Samstundes skortar det litt på rutinen også hos dei litt eldre i høve det å halde hovudet kalt når dei føler at dommarane ikkje gjer jobben sin.
– Eg kan forstå frustrasjonen når du blir følgd med stive armer i ryggen heile vegen og dommerane ikkje bles på det, men det er mi oppgåve på seie til dommarane, ikkje spelarane sine. Vi snakkar på oss for mange unødvendige to-minuttarar i dei situasjonane, men guttane har min sympati når det blir så mange urettferdige dommeravgjersler som i dag.
– Dei skal ha for engasjementet og viljen, seier Husebø.
Os - Bjørnar 2 25-27 (10-12)
Utv: Os 5 x 2 min, Bjørnar 1 x 2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Jørgen Wold 12, Nils Andris Hamre 1, Mats Brunvatne, Fredrik Andresen 3, Isak Røen 5, Hans Brunvatne, Ludvig Egge Drange, Peder Lyssand 1, Sivert Egge Drange, Kristian Bruarøy, Kasper Færøvik 4, Bendik Oen, Håvard Bjørnør.
Tre ute med skade
Ein av spelarane Husebø mangla laurdag var rutinerte Trygve Lerch Dahl som er ute resten av sesongen etter at han må operere ved halebeinet etter å ha ramla på skøyteisen. Betre blei det ikkje av at Fredrik Andresen fekk tommelen ut av ledd i kampen mot Bjørnar og må gjennom ein operasjon for å få den på plass att. I tillegg er Nils Andris Hamre ute i fire til seks veker etter at han i same kamp rauk leddbandet på utsida av venstrefoten tvers av.
– Det betyr berre at andre må få og ta meir ansvar. Vi er ein god gjeng no, så det skal vi klare, avsluttar Husebø.