Politi | 17. des. 2022

Frontkollisjon på Byvegen

Fv 583 Byvegen (gamle E39) var stengt ved Hetleflåten (oppdatert).

Frontkollisjon på Byvegen
Vegen blei stengt etter kollisjonen. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 17. des. 2022 12:18

Laurdag klokka 12.16 melder Vegtrafikksentralen om stengt veg på Byvegen etter frontkollisjon litt nord for Ulvenskiftet.

– Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, opplyser politiet via Twitter.

Klokka 12.49 fortel VTS at vegen er open igjen for normal ferdsle.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking går trafikken seint ved den største svingen på Hetleflåten. (Kart: Google Maps)
Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking går trafikken seint ved den største svingen på Hetleflåten. (Kart: Google Maps)

Politiet oppdaterer måndag at dei to involverte er ei 18 år gamal kvinne og ei kvinne i 70-åra.

– Den yngste fekk sleng på bilen på slapseføret, og kom over i motsett køyrefelt, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

2 personbiler var involverte. Den ene bilen hadde fått sleng på slapseføre og traff en motgående bil i front. Fører av bil som fikk sleng var en kvinne f. 2004. Bil nr 2 var en kvinne f. 1941. Ingen personskader. Ingen førerkort ble tatt i beslag. Viking var raskt på stedet og fjernet den ene bilen som ikke var kjørbar. Det ble opprettet sak.

Har du informasjon eller bilde frå staden? tips@midtsiden.no - 90789270

Det er vinterføre og varsla om vanskelege køyreforhold fleire stadar i dag, etter vêromslag, sludd og snø på kald bakke, fredag kveld og laurdag formiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.