Lokal | 29. aug. 2017

Front mot front på Søfteland

To bilar har kollidert på E39 ved Stilvoll.

Front mot front på Søfteland
To bilar har frontkollidert på E39 på Søfteland (lesarbilete, tips@midtsiden.no)
Andris Hamretysdag 29. aug. 2017 17:54

Bildeserie:

Luftambulanse rykte ut til staden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Luftambulanse rykte ut til staden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
1 av 1

Klokka 17.39 meldte politiet om ei trafikkulykke på E39 på Søfteland.

Både 110 Hordaland og Vegtrafikksentralen melder om trafikale problem og at vegen er stengd.

Ifølgje ein Midtsiden-tipsar er Luftambulansen no på staden.

Klokka 18.00 meldte brannvesenet at dei hadde gjort begge bilane straumlause og at dei rydda/sikra skadestaden, som ligg like ved Stilvoll.

Ein Midtsiden-tipsar fortel at køen no står forbi Er-An retning byen og at bergingsbil no også skal vera på staden.

Kvinne mistenkt

Tre personar skal ha vore direkte involvert i ulykka, ein av dei blei behandla på staden.

Ein person blei køyrd til Haukeland med ambulanse.

OPPDATERT:

Onsdag morgon fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen at saka førebels ikkje er ferdig etterforska.

– Dei to involverte bilførarane er begge i 50-åra. Ein av dei, ei kvinne som køyrde retning Os, er mistenkt for å ha kome over i motsett køyrefelt.

Det er førebels ikkje tatt beslag i førarkortet hennar.

Ifølgje ba.no har ulykka skjedd då ein bil plutseleg kome over i motsett køyrefelt.

– Vi kom køyrande i retning Os. Plutseleg køyrde bilen foran over i motsett køyrefelt. Det var ikkje i samband med ei forbikøyring, fortel eit vitne til BA.

Klokka 18.21 meldte politiet at vegen var delvis opna for trafikk, men at det var manuell dirigering på staden. Seks minutt seinare blei vegen opna for fri ferdsel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.