Lokal | 21. jan. 2016

Front mot front i Kolskogen

To bilar frontkolliderte torsdag ettermiddag i krysset Kolskogen - Industrivegen.

Front mot front i Kolskogen
Ein personbil og ein varebil kolliderte ved krysset mellom Industrivegen og Kolskogen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 21. jan. 2016 16:04

Bildeserie:

Ulykka skjedde i krysset mellom Industrivegen og Kolskogen (foto: KVB)
Ulykka skjedde i krysset mellom Industrivegen og Kolskogen (foto: KVB)
1 av 1

Torsdag ettermiddag gjekk alarmen etter at to bilar frontkolliderte i krysset mellom Industrivegen og Kolskogen. Politi, ambulanse, legevakt og brannvesenet rykka ut til ulykka.

Klokka 15.47 meldte 110-sentralen på twitter: «Os. Industrivegen X Kollskogen. Trafikkulykke. 2 biler i front kollisjon. Ingen fastklemte.»

Minuttet seinare kom politiet med ei oppdatering av situasjonen: «Os: Industrivegen - Kolskogen: Trafikkulykke, front mot front. De involverte er bevisst, klager på nakkesmerter. Nødetatene er på veg.»

Det skal vera ein personbil som øvekøyrde som kolliderte med ein varebil.

Vegen er omkøyringsveg for trafikken på fylkesveg 160 Ulvenvegen no når ny E39 til Bergen er under utbygging.

Bilane står i Industrivegen ned mot barnehagane og Kuventræ. Trafikken blir dirigert forbi ulykkesstaden.

Det var varabrannsjef Arne Monsen, i sivil, som kom først til ulykkesstaden.

– Det var to personar i kvar bil. Jenta som øvekøyrde klaga over smerter i nakken, fortel Monsen til Midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.