Fritz Warncke opnar gym på Os
Tidlegare toppsymjar og helsestudio-profil Fritz Warncke opnar treningssenter på gateplan i Irisgården.
Tore André Sagstad held farm med sports bar og piano bar i Solsiden, men trek set ut frå kiosk- og bowlinglokalet i Irigården.
– Det er vemodig, men interessa for bowling er rett og slett ikkje stor nok i Os, seier Sagstad, og takkar huseigar ved Jarl Berentsen for at han har vore aktiv og dyktig i sin jobb med å skaffa ny leigetakar.
– Vi prøver å gjera ein god jobb for eksisterande og nye leigetakarar. Heldigvis løyser det seg fint her. Eg har også vore og sett på ny leigetakar sitt senter på Laksevåg, og eg har eit veldig godt inntrykk av Warncke sin nye kjede, seier Berentsen.
Solsiden satsar vidare, men denne helga blir siste helga med bowling i Irisgården. Tysdag er det riving for å gje plass til ny aktivitet i lokalet.
OL-deltakar og treningssenter-veteran
Inn kjem Fritz Warncke, som var 16 år då han i 1972 debuterte i OL, og også representerte Noreg i symjing i 1976. I 1980 blei han tatt ut til OL, men dette året blei leikane boikotta av Noreg. Warncke har også over 50 NM-titlar, fleire nordiske meisterskap bak seg og 17 noregsrekordar på samvitet.
Likevel er han nok for mange like kjent som mannen bak treningssenterkjeda Studio Active, og det er nettopp treningssenter Warncke vil opna i Irisgården.
Warncke starta Studio Active i 1986 og hadde på det meste rundt 9000 medlemmar fordelt på tre sentre. I 2005 selte han Studio Active, men i 2010 kom han tilbake i bransjen.
– Eg studerte i USA på 70-talet og ville starta innan trening då eg kom heim. Den gong var treningssenterbransjen prega av kroppsbyggarar, Studio Active var med på å starta trenden med å få vanlege folk til å trena på sentre.
– Eg er veldig glad i treningsbransjen og det blei nokre kjedelege år etter 2005. Så i 2010 fekk eg med meg nokre partnarar og fekk eit nytt konsept på beina.
Reindyrka individuell trening
Den nye kjeda heiter Energi Treningssenter.
– Vi tilbyr alt innan individuell styrke, mosjon og kondis – lause vekter og apparat. Der andre bruker pengar på store rom til badstove, barneparkering og gruppetrening prioriterer vi kvalitet og stort utval innan individuell trening.
– Då klarer vi å levera høg kvalitet til låg pris.
Det første senteret opna på Askøy hausten 2010, det neste på Laksevåg i 2012.
I sommar blir det riving og bygging på Os. Målet er å opna eit 800 kvm stor sentert i Irisgården i Os sentrum i september.
– Det blir eit eige rom for funksjonell trening, slynger kettlebells og trening som minner om crossfit. Vi skal også ha ei avdeling med virtuell spinning.
– Vi kjem ikkje til å ha tradisjonell gruppetrening, som aerobic og zumba, men små grupper leia av personleg trenar.
Over 18 utan singlet
Energi Trening er ope frå 5 om morgonen til 23 om kvelden.
– Tidleg og seint kan du låsa deg inn sjølv, men senteret er bemanna kvar dag i kjernetida, frå formiddag til kveld.
– At vi både har 18-årsgrense og singlet-forbod er veldig godt mottatt hos medlemmane.
– Sjølv om det er rimeleg å vera medlem og delvis sjølvbetjent, vil vi ha eit senter der alle trivst. Vi vil at vaksne mosjonistar kunna driva styrketrening utan at det kjem ruvande kroppsbyggarar og tar opp plass, og utan at det sit små ungdomsgjengar og slår ihjel tid og lagar kø på kvart apparat.
– Konseptet er veldig godt mottatt både på Askøy og i Laksevåg. Vi ser veldig fram til å opna på Os. Vi håper på å vera med på å få endå fleire osingar i trening, seier Warncke.
Fotball-VM og auka satsing på Solsiden
Mens bowling og kiosk no skal rivast til fordel for treningssenter held Sagstad fram med suksessplassen Solsiden.
– No ser vi fram til fotball-VM på storskjerm, og vi har ordna det sånn at vi no kan visa tre kampar samtidig, inne og ute.
– Både i desse dagar, seinare i juni og i haust blir det utbetringar. Vi har nye utemøblar og nye markiser på plass, og rekkverk inne til puss og lakkering.
Til hausten vil Sagstad halda fram med å oppgradera og reindyrka Solsiden med pianobar og sportsbar.
– Då vil vi bygga om baren. Men først skal vi kosa oss med samba, fotball og kampar klokka 18, 21 og 24 sju dagar i veka, seier Tore André Sagstad.